Visste du at «alt» i bustaden kan styrast frå mobil, nettbrett o.l. – uansett kvar du er? Lys, varme, alarm og lyd kan styrast av enkle heimeløysingar eller smarthussystem. Med dette kjem auka komfort, tryggleik og energieffektivitet.
Dei vanlegaste funksjonane i eit smarthus inkluderer styring av belysning, men ein smartheim kan vere så mykje meir enn dette. Ein ekte smartheim består av ulike teknologiar som er kopla saman, slik at du t.d. kan styre og automatisere varmen heime. På den måten kan du sikre at sofakroken i stova er perfekt oppvarma når du kjem heim etter ein lang dag ute i skogen. Du kan òg fjernstyre tryggleikssystem eller hushaldsapparat – som å setje i gang kaffitraktaren i tide til at du står opp om morgonen.
Elektrikarane våre har brei kompetanse innan smarthussystem og hjelper til med planlegging og installasjon i heimen din.

