I dag er det heile 715 000 heilelektriske bilar i Noreg, og dermed er 25 % av bilane på norske vegar elektriske. Som næringsdrivande er det difor svært aktuelt for mange å installere gode ladeløysingar for kundar og andre ved butikk eller kjøpesenter, eller i tilknyting til burettslag.
Ladeløysingar til burettslag
Ladeløysingar frå Teltech inkluderer alt frå enkel installasjon til komplekse system med laststyring som sikrar at det elektriske anlegget ikkje blir overbelasta. Me tilbyr òg moglegheit for individuell måling og betaling i burettslag, slik at kvar bebuar kan betale for sitt eige forbruk.
Elbillading på kjøpesenter
Kjøpesenter er naturlege møteplassar, og for mange kundar er det eit stort pluss å kunne lade bilen medan dei handlar. Å tilby elbillading kan vere ein viktig faktor for å trekkje til seg og halde på kundar i ein konkurranseutsett marknad.
Anten du er ansvarleg for eit burettslag eller eit kjøpesenter, er det no på tide å ta steget inn i framtida med elbilladarar. Elektrikarane våre har ekspertisen og kompetansen som krevst for å installere gode ladeløysingar for elbil, med fokus på kvalitet, tryggleik og framtidsretta teknologi.
Produkt me brukar
- Zaptec Pro ladeløysing
- Futurehome ladeløysingar

