Hopp til innhaldet

Varme

Varmestyring i næringsbygg

Næringsbygg har ofte komplekse varmebehov som krev avanserte løysingar. Elektrikarane våre tilbyr rådgiving og installasjon av eit breitt utval varmesystem, som kan tilpassast storleiken, bruksområdet og dei spesifikke behova til bygget. Dette inkluderer alt frå varmekjelder som elektriske panelomnar og radiatorar, til varmepumper og varmekablar.

Smartstyring av varmesystem

Integrasjon av smarte styringssystem er ein av dei mest effektive måtane å optimalisere oppvarminga i næringsbygg på. Ved å kombinere varmesystem med intelligent teknologi kan bedrifter ha full kontroll over varmen i bygget, noko som t.d. gir moglegheit til å justere temperaturen i ulike soner basert på tidspunkt, talet på personar i rom eller andre variablar.

Elektrikarane våre veit at kvart næringsbygg er unikt, og tilbyr skreddarsydde løysingar tilpassa dei spesifikke behova i kvart bygg. Kontakt oss i dag for å få meir innsikt i korleis me kan bidra til å optimalisere varmesystema i næringsbygget ditt.

Produkt me brukar

  • Varmehandboka
  • Nexans: Elektrisk golvvarme
  • Function (tidlegare Micro Matic): Varmestyring
  • ThermoFloor: Varmeløysingar

Be om tilbod på varme

Fortel oss kva du treng, så kontaktar me deg med eit uforpliktande tilbod.

Når du sender inn, behandlar me opplysningane dine for å svare på førespurnaden. Les meir i personvernerklæringa.

Føretrekk du å ringje?

56 53 00 50