Hopp til innhaldet

Lokale fagfolk med lang erfaring frå bransjen

Teltech har sidan starten i 2004 levert tele- og fibertenester til private og bedrifter i store deler av indre Hordaland.

Lokalt forankra på Voss

Me vart etablert som eige AS i 2011, og har i dag 16 tilsette – alle med lokal forankring til Voss.

Våre tilsette har lang og brei erfaring frå bransjen. Dette kjem våre kundar til gode, og me skal alltid gje deg den gode kundeopplevinga både på kvalitet og pris.

Erfaring frå

  • Televerket
  • Telenor
  • Bravida
  • Relacom

Godkjenningar

  • Medlem av ElektroUnion
  • Ekomnett-autorisasjon, innvilga av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
  • Vi har lærling – godkjent lærebedrift

Vår historie

  1. 2004

    Starten

    Teltech leverer dei første tele- og fibertenestene til private og bedrifter i indre Hordaland.

  2. 2011

    Eige AS

    Teltech blir etablert som eige aksjeselskap.

  3. 2023

    Nye eigarar

    I juni 2023 fekk Teltech nye eigarar. Voss Energi AS og Energiselskapet Hardanger AS eig no 50 % kvar av selskapet.

  4. I dag

    Fiber og elektro

    Teltech har fusjonert med Voss Elektro AS, og er medlem av ElektroUnion.

Nye eigarar i 2023

Trygg grunnmur for vidare vekst

Dette gjev oss moglegheiter til vidare vekst, og samtidig ei tryggheit for både våre leverandørar og kundar.

  • Voss Energi AS50 %
  • Energiselskapet Hardanger AS50 %

Kontakt oss i dag

Me har kompetansen og erfaringa du treng for å gjennomføre ditt prosjekt.