Smartstyring av system eller «smarthusteknologi» er like relevant for bedrifter og næring som i private heimar. Smartstyring gjer det mogleg å automatisere og fjernstyre ei rekkje funksjonar som belysning, varme, kjøling og tryggleik, samt energiforbruk. Dette inkluderer mellom anna lysstyring, klimakontroll, tilgangskontroll, tryggleikssystem og energiforvalting. Ved å integrere desse systema i ei samla plattform kan ein oppnå høg grad av kontroll og fleksibilitet, noko som gir fordelar både økonomisk og operasjonelt.
Elektrikarane våre tilbyr kartlegging av dei eksisterande systema og behova i bygget, og skreddarsyr løysingar som gir størst mogleg nytteverdi.
Reduserte energikostnader
Energiforbruket er særleg viktig i større bygg. Ved å tilpasse varme, klimaanlegg og lys til faktisk bruk og behov kan ein redusere kostnadene monaleg. Til dømes kan lyset slåast av når eit rom ikkje er i bruk, eller temperaturen justerast etter tid på døgnet eller talet på personar i rommet.
Betre tryggleik
For auka tryggleik og moglegheit for rask respons i nødsituasjonar i næringslokalet dykkar kan integrerte tryggleikssystem styrast eksternt. Tryggleikssystem som tilgangskontroll, overvakingskamera og alarmanlegg kan leggjast inn i ei smartstyringsplattform, som gjer det enkelt å administrere. Til dømes kan du programmere systemet til å låse dører automatisk utanfor arbeidstid eller gi mellombels tilgang til besøkjande via app.
Produkt me brukar
- xComfort smarthusløysingar
- Function (tidlegare Micro Matic) smartstyring
- ELKO Smart styringssystem
- SG Smart styringssystem

